Jan-Philipp Sendker: Kunsten å høre hjerteslag,286 sider. Oversett av Kurt Hanssen
Boka opnar med at amerikanske Julia sit inne i eit tehus i Kalaw. Ho har reist dit i håp om å finne faren sin, Tin Win, som forsvann sporlaust for fire år sidan. Tin Win var ein suksessfull advokat heime i New York, med kone og to vaksne born. Når Julia finner eit kjærleiksbrev meint for ei burmesisk kvinne ved namn Mi Mi, kastar ho seg på første fly til Burma. I tehuset møter ho ein mann som hevdar å kjenne far hennar, og som på mystisk vis også ser ut til å vite kven ho er. Mannen kan fortelje Julia ei historie om Tin Win, ei historie som er så unik at ho har vanskeleg for å tru på han. I håp om å finne att far sin, finner Julia så mykje meir. Ho får endeleg vite kva som skjedde dei første tjue åra av livet hans, og får høyre ei kjærleikshistorie så sterk at ho må ta eit oppgjer med eigne verdiar.
Det vakre omslaget kombinert med tittelen gjorde meg litt redd for at det skulle vere nok ein banal bestseljar med den typiske suksessoppskrifta. Heldigvis tok eg feil. Ja visst er det nokre klisjear og føreseielege hendingar, men handlinga hevar seg likevel over dette. Julia i notidshistoria slit verken med seg sjølv eller med kjærleiken, noko som jo er typisk for desse parallellhistoriene. Ho vil berre finne far sin.
Eg synest at romanen er velskriven og språket har ein god flyt. Det skildrar omgjevnadane på ein så god måte at ein nesten kan kjenne lukta og smaken. Bileta blir måla for lesaren og vi får ei innsikt inn i Burma sin rike natur og tradisjon. Historia er nydeleg, men også forferdeleg trist. Ein flott hyllest til kjærleiken.
Anbefalast.
Takk til Cappelen Damm.
4 kommentarer:
Hermedd notert. Jeg like godt å lese romaner fra fjerne himmelstrøk.
Er helt enig med deg. Dette er en nydelig bok. Ser at du leser "Helbredelsen" og er veldig spent på hva du vil synes om den når du er ferdig.
Flott! Ja, jeg begynte i dag og er allerede godt i gang. Likte både "Barnepiken" og "Tilbake til Tall Oaks" veldig godt, så dette lover bra.
Åh, nå fikk jeg bare enda mer lyst til å lese denne! Flott anmeldelse!
Legg inn en kommentar