RSS

Sofia

Sigrid Merethe Hanssen: Sofia

Ei norsk kvinne leiger seg husrom i ein gresk kystby i håp om å skrive ei bok. Planen er å vere der ut sommaren, men idet sommaren går over til haust utan at noko vettugt har blitt festa til papiret, blir kvinna verande. Byen blir tømt for turistar, og med berre dei fastbuande att kjenner kvinna seg meir og meir isolert. Når ho møter Sofia, ei døv ungjente som er tilsett ved ein av byens kafear, blir ho stadig meir oppslukt av henne. Ein dag får ho det for seg at Sofia er i fare, og det sterke ønsket om å hjelpe gjer at ho må kjempe mot krefter ho ikkje rår over.

Eg hadde ikkje høyrt om denne forfattaren før, og grunnen til det er kanskje at dette er debutromanen hennar. Tidlegare har ho gitt ut novellesamlingar og ei barnebok, som eg absolutt skal sjekke ut.

Sofia er ei stillferdig bok med eit nydeleg språk. Ho skriv om ein ung hovudperson som tek steget ut av dei faste rammene og flyttar til ei øy der ho verken kjenner språket eller kulturen. Det skjer ikkje så mykje i den ytre handlinga, men desto meir i den indre. Alt kjennest framand, og når kvinna kan kommunisere med Sofia ved hjelp av teikningar blir ho på ein måte det einaste haldepunktet hennar. På same måte som kvinna etter kvart ikkje ser ut til å greie å skilje mellom fantasi og røyndom, ser språket ut til å viske ut skilet mellom liv og diktning. Dette synest eg får fram den kaotiske sinnstilstanden denne einsemda fører til.

Anbefalast.

Takk til Samlaget.


7 kommentarer:

aariho sa...

Høres ut som en bra bok - hermed notert hos meg.

ellikken sa...

Så herlig å komme over ukjente perler... og attpåtil like den. Skal se etter denne!

Anette sa...

Nydelig omtale, og det var jammen bokomslaget også! Denne skal jeg være på utkikk etter :)

Birthe sa...

En bra omtale! Boken har jeg ikke hørt om, jeg jeg liker "stillferdige bøker med nydelig språk". Denne skal jeg også notere meg :)

Anita Ness sa...

Så fitn at du likte dene. Meg traff den ikke helt dessverre selv om språket var fint.

annkolaas sa...

Takk! Ja, språket er verd boka aleine. Eg tok meg sjølv i å lese om att og om att fleire stader.

Kathleen sa...

Denne leste jeg i påskeferien. Fikk den selv av Aschehoug. Jeg synes den var helt ok underholdning. Jeg likte de mange litterære referansene i den, men handlingen var nokså kjedelig, man visste liksom hva som kom til å skje.