RSS

Songfuglen

Jan Roar Leikvoll: Songfuglen, 191 sider

Jakoba veks opp i ein by forboden for menn og befolka av kvinner. Dette kjønnssegregerte samfunnet gjer at tanta og mor hans vel å kle han opp som jente. Med lange fletter og iført kjole skal Jakoba unngå å ende opp som mennene utanfor murane, eller i bordellet innanfor. Han er i ferd med å bli ein ung mann, og hemmelegheita blir stadig vanskelegare å halde skjult. Jakoba si vakre songstemme kan redde han, men vil kjærleiken til tenestejenta Tikva hindre han?

 Dette er eigentleg mitt første møte med Leikvoll. Eg seier eigentleg fordi eg byrja å lese Bovara tidlegare i vår, men så havna dottera mi på sjukehuset med sprukken blindtarm og eg greidde aldri å konsentrere meg om handlinga der eg sat og vaka. Boka blei difor lagt vekk, og det blei ikkje til at eg tok ho fram att. Etter å ha lese Songfuglen og sett at både språk og handling er framifrå spennande, skal eg definitivt finne fram Bovara og gi ho ei ny sjanse.

Leikvoll skriv om underkasting og maktmisbruk, ikkje ulikt dei same temaa ein kan finne i forfattarskapen til Gerd Brantenberg og Geir Gulliksen, men og i mykje eldre klassikarar som Ludvig Holberg og Jonathan Swift. Likevel kjennest det nytt og annleis ut. Det er mykje usagt mellom linjene og språket er særs poetisk og stemningsskapande. Eg fekk kjensle av ei verd etter dommedag. Miljøet er lagt til ein namnlaus by, landskapet er mørkt og vagt, men ein kjenner seg likevel att på eit vis. Jakoba har valet mellom å la seg kastrere, men dermed å miste identiteten sin og kanskje Tikva, eller å tre ut av isolasjonen og risikere livet.

Songfuglen er ein fengslande roman med eit nydeleg og originalt språk.

Anbefalast.

Takk til Samlaget for leseeksemplar.

2 kommentarer:

aariho sa...

Er så enig med deg i at dette var ei bra bok! Er etter kvart blitt ein stor beundrar av Leikvoll. Og ser fram til nye bøker av han.

Karen sa...

Enig med dere begge! :)