RSS

Skrivekurs i Giske kommune

Bur du i Giske kommune? Liker du å skrive? Bli med på skrivekurs, da! 

Eg skal halde ein kreativ skriveverkstad for elevar i 5.-10. trinn og eldre i veke 25 og 26. Her vil du lære smarte metodar og triks for å skrive ein god tekst. Du vil mellom anna få øve deg på å bygge opp ei spennande forteljing; lære korleis ein kan skape interessante karakterar, miljøskildring, konflikt og tema mm. Kort sagt: Kva det er som gjer ei historie spennande og korleis ein kan gi lesaren lyst til å lese vidare. Vi skal også snakke om kva som gjer språket levande, og kvifor ein bør unngå klisjear. 

Du vil få ulike skriveøvingar, og etter kvart kan vi kanskje lese tekstane våre høgt for kvarandre? Men det siste er heilt valfritt. I dette kurset skal ingen føle på prestasjonsangst, kun skriveglede. 


Grunna fleire ledige plassar etter påmeldingsfristen, opnar eg no for at dei som er eldre enn 10. klasse kan melde seg på. Dei som allereie har meldt seg på ein anna aktivitet, har lov til å melde seg på fleire.


Kurset går over tre dagar ved Valderøy barneskule:

Veke 25: Onsdag-fredag kl. 9-15. FULLT.

Veke 26: Onsdag-fredag kl. 9-15. Maks åtte deltakarar.


Du må ta med matpakke og eigen PC/iPad å skrive på. 

Fredag treng du ikkje å ta med matpakke, da feirar vi gjennomført kurs med pizza. 


PS. Ikkje tenk at dette er som ein einaste lang norsktime med lekser. Dette blir kreativt og kjekt (med mindre du absolutt hatar å skrive. Da er det kanskje ikkje rette kurset for deg:). 

PPS. Kurset er gratis og ein del av Sommarskulen i Giske kommune. Håper du vil bli med!


For spørsmål eller påmelding, send e-post til: annkolaas@gmail.com



Sånn ser eg ut: 



0 kommentarer: