RSS

Sletta!

Eg ser til mi store skrekk at det siste innlegget mitt har blitt sletta. Usj! Blogger.com har vore nede i godt og vel eit døgn, men eg trudde da ikkje blogginnlegga skulle forsvinne. Uansett, for dei som ikkje fekk det med seg var det omtale av Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant.

Eg orkar ikkje å skrive om ho på nytt, men tek det såre enkelt: Ei røvarhistorie av ei bok. Fantastisk historie som fekk meg til å le godt og lenge, men eg lot meg ikkje begeistre like mykje som resten av boka sine lesarar. Men eg anbefalar gladeleg boka. Ho er god altså.

Fleire som har opplevd krøll med blogger.com?

Verdensvant hundreåring


Jonas Jonasson: Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant, 381 sider

Svenske Allan Karlsson bor på gamlehjem. Han fyller 100 år. Ordfører og lokalavis er ventet, og alt ligger til rette for en storslagen feiring. Alle vil være med og feire Allan. Alle unntatt bursdagsbarnet. Rett før selskapet begynner, ligger Allan og hviler på rommet sitt. Tror gjestene. I virkeligheten klatrer han ut gjennom vinduet og begir seg ut på noe som skal vise seg å bli en eventyrlig reise. Han ankommer stasjonen, og blir bedt om å se etter kofferten til en som må på toalettet. Like etter kommer bussen, og Allan ser ingen annen løsning enn å ta med mannens koffert. Hadde Allan vært klar over at koffertens eier var medlem av en farlig motorsykkelbande, hadde han muligens latt kofferten være igjen. Men så hadde historien også vært mye kjedeligere.

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant er en røverhistorie uten like. Ikke bare greier Allan å rote seg borti de utroligste ting, og mennesker, hele tiden med fienden ett skritt bak, men han har også en fantastisk livshistorie. I løpet av sitt 100-årige liv har han mer eller mindre vært innblandet i kjente begivenheter, berømte personer og hendelser i beste Forrest Gump-stil.

Jeg lo og humret flere steder gjennom boken, og hendelsene varierer fra å være dagligdagse til hinsides absurde. Jonasson har en vittig måte å fortelle på. Det ligger en slags stoisk ro over hovedpersonene, noe som gjør det enda morsommere. Hvert avsnitt er avsluttet med en tørr, men artig betraktning, og det teksten har hele tiden en komisk undertone.

Selv om jeg synes boka var god, må jeg likevel innrømme at jeg ikke ble så begeistret som resten av leserne ser ut til å være. Enkelte av sekvensene interesserte meg ikke, og jeg skummet igjennom flere. Jeg vet ikke hva som gjør det, men de siste årene har jeg rett og slett utviklet en forkjærlighet for indre handling. Det er akkurat som om ytre handling ikke appellerer lenger - til tammere til bedre. Jeg liker til gjengjeld svært godt filmer som er fullspekket - og tror jeg kan elske en filmatisering av boken.

Altså, jeg er ikke fjernere enn at jeg ser at dette er en fantastisk bok, og jeg har ingen problemer med å anbefale den til andre. Det er ikke deg, det er meg.

19/52 "Blendet"



Eg tek ein lynkjapp nr. 19 i novelleutfordringa .

Novelle nummer 19 er skrive av Nina Lillelien. Ho kjem frå Rjukan og er like gammal som meg. Ho skreiv "Blendet" til Gyldendal si novellekonkurranse for ungdom i 1997. Da var ho 17 år gammal. Akk, folk er jo så flinke. "Blendet" finn de på trykk i antologien Dugg, 36 noveller for ungdom, gitt ut same år.

Nina Lillelien: "Blendet"

Handlinga tek til med ei skildring av miljøet. Vi skjønar at dei er på ein slags institusjon. Det er sterilt, kvitt og andre menneske. Det skjerer i augene til Idun, det er nett som ho blir blenda. Så begynner tankane hennar å vandre. Ho tenkjer attende til varme sommardagar på Sørlandet. Ho er femten år og omringa av svaberg, is og bikini. Den første kjærleiken kjem snikande. Thomas. Dei er saman kvar dag og ho blir så forelska at ho ikkje veit kva fot ho skal stå på. Sjølv verkar han ikkje interessert i noko meir enn vennskap. Ein dag får ho vite kvifor.

Novella hoppar fram i tid og ho er heime i Oslo. Ho og venninna ruslar rundt i gata ein fredagskveld da ho møtar att Thomas. Ein gjeng med fulle gutar kjem gåande bak dei. Det skjer fort. Slag og spark, og Thomas som ligg i ein blodpøl. Vi er attende i notida. Institusjonen. Ho og venninna skal besøke Thomas. Idun kjenner sola svi i augene, men denne gongen blir ho ikkje blenda.

Eg likar best begynninga og slutten på novella, der synest eg språket utpregar seg. Stemninga er meir lada, og skildringane er kjenslevare. Resten blir litt for enkelt. Det går mest i dialog. Dei fine skildringane kjem likevel til syne, og ho avsluttar kvart avsnitt med treffande, gode ord.

Jeg gikk ikke hjem, jeg svevde.

Når eg veit at ho berre var 17 år da ho skreiv det, let eg meg likevel imponere. Novella er skrive for og av ungdom, og ho held på spenninga heilt til siste slutt. Temaet er alvorleg og kontrastane er synlege. Det er utan tvil ei god novelle.

Anbefalast.

18/52 "Blå amazon"



Er vi i veke 19 alt? Her har eg lyst til å skrive eit heilt avsnitt om kor tida flyg, at det snart er 17. mai, at huset må målast og at det er like før eg får omkring 200 eksamenar som skal sensurerast. Men eg skal la vere. Eg er ei veke på etterskudd, og kjem susande med novelle nummer 18 i novelleutfordringa. Denne gongen tek eg Gro Dahle si novelle "Blå amazon", og ja, ho står i læreboka til elevane mine (ser dykk eit mønster her?)

Gro Dahle: "Blå amazon"

Hovudpersonen i novella er ein mann med ein bil. Ein blå volvo amazon. Det vil vere ei kraftig underdriving å seie at denne mannen er glad i bilen sin. For han er kanskje bilen det viktigaste i livet. Det kjæraste han har. For han er bilen ei ho med bua munn, hofter, mage, rygg og ein bakende. Ei han kan kjæle med. Han tek ho med ut på tur, og plukkar opp tre haikarar. Tre unge jenter. To i baksetet, ei framme. Han blir merksam på kor dei sit. Ho og han. Han ser på ho, dei tronge kleda. Ho luktar tyggis. Det blir med eitt vanskelegare å puste. Han opnar vindauget. Kjenner sveitten piple. Når han løftar handa for å ta drops i hanskerommet, streifar han låret hennar. Jentene i baksetet ler. Ler dei av han? Han blir irritert. Vil vise dei. Når mannen går ut av bilen for å tisse, høyrer han den velkjende bilmotoren. Han blir kald. Snur seg og ser bilen forsvinne bortover vegen. Jentene stikk av med bilen. Han spring etter, men må sjå seg tapt. Han kastar seg ned i graset, ensar ikkje noko anna. Det blir mørkt ute før brusinga i hovudet hans tek slutt.

Eg synest dette er ei god novelle. Ho skildrar forholdet mellom ein mann og bilen hans. Hendingane er synlege, men det er likevel mykje usagt mellom linjene. Vi skjøner at mannen er ein enkel, beskjeden person og at bilen gir han sjølvtillit. Utan bilen er han ingenting. Når jentene sit i bilen, blir augneblinken utvida med korte, nesten fomlande setningar. Det stakkato språket synleggjer mannen sin nervøsitet. Når jentene stel bilen, senkar tempoet seg og mannen kan få attende fatninga.

Novella har ei kompakt handling, og mykje indre handling. Eg er fornøgd, og elevane pla vere det.

Anbefalast!

Lysnatt


Alice Hoffmann: Lysnatt, 205 sider

No har eg også lest ho! Etter å ha lese bloggar etter bloggar skamrose denne forfattaren, måtte eg berre finne ut kva som var så spesielt. Eg gugla litt her, litt der, måtte finne ut kven av dei mange bøkene det høva seg best å starte med. Valet blei Hvite hester og Lysnatt. Sjølv om Hvite hester var debuten, starta eg med Lysnatt (omfanget sigra). Og ja, eg blei sjølvsagt fortapt.

Handlinga i Lysnatt går føre seg på øya Martha`s Vineyard i New England. Ekteparet Vonny og André og den fem år gamle sonen deira bur rett ved siden av Elizabeth Renny, ei gammal dame som trudde ho kunne flyge. Ho flagra ut av vindauget og endar opp med eit brekt kragebein og ein brekt fot. Det blir bestemt at Jody, Elizabeth sitt seksten år gamle barnebarn, skal bu hos henne ei periode. Jody blir forelska i André, og gjer sitt ytterste for at han skal oppdage ho. Vonny er klar over det, men har meir enn nok med å overvinne panikkangsten ho har utvikla. Lenger nede i nabolaget bur ein dyrekjær kjempe, redd for å vise seg blant folk.

Eg likte boka kjempegodt! Hoffmann skildrar forholdet mellom André og Vonny, Jody og kjempen, Simon og Samantha på ein fortryllande måte. Det er så fint å lese korleis ho får fram kva som skjer med Elizabeth - eg trudde først det var noko overnaturleg, men forfattaren har rett og slett magiske fingre. Ho får relasjonar mellom menneske til å bli eventyrleg. Eg er fullstendig smitten, og absolutt klar for meir.

God bok!

Mitt bankande hjarte


Alf Kjetil Walgermo: Mitt bankande hjarte, 205 sider

Ukens bokbloggturnebok er Mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo. I går blogget Fredrikke, i dag er det jeg og i morgen fortsetter Tiril (som jeg tror hadde feil nettadresse?).

Amanda er tretten år og stormende forelsket i David, den nye gutten på skolen. Jenny, Amandas bestevenninne, er slank, vakker og har fine former - men Amanda er fremdeles flat som en pannekake. Amanda og David tilbringer mye tid sammen, men Amanda er usikker på følelsene hans. Er han forelsket i henne, eller ser han på henne som en venn? På naustfesten til Gekki skal David til å kysse henne, men så blir alt svart. Amanda våkner opp på sykehuset og får beskjed om at hun trenger nytt hjerte.

Jeg hadde ikke lest noe om boken på forhånd, og trodde jeg skulle lese om nok en ungdomsforelskelse (ikke at det er noe galt i det, for all del. Vi liker sånt!). Med ett blir temaet så mye mer alvorlig - hjertesmerter får dobbel betydning, og vi får høre hvordan det er å nærme seg 14 år, stupforelsket, og samtidig kjempe for livet. Amanda går fra å være som tenåringer flest; bekymret for om hun noensinne vil få større pupper, til å måtte bruke rullestol for å ikke slite seg ut. Nå vet hun ikke om hun venter på livet eller døden.

Eg var så glad i dei. Men kunne eg vite at eg kom til å vere glad i dei med eit nytt hjarte? Det var ikkje eingong sikkert at eg ville kjenne dei igjen. Eg hadde sett ein film om ein mann som mista minnet. Han kjende ikkje igjen mora si. Var det ikkje verre å miste hjartet enn å miste minnet?
Eg ville ikkje miste hjartet mitt?
- Tenk om eg ikkje kjem til å vere forelska i David lenger! gret eg.


Alf Kjetil Walgermo har skrevet en vakker og sårbar bok, med skildringer sterkere enn tusen. Selv om Amanda venter på en hjertetransplantasjon, er hun fremdeles en jente på tretten år som forsøker å kapre hjertet til David. De spiller Zelda og drømmer om å bygge en flåte og seile til Panama - akkurat som den vesle tigeren og den vesle bjørnen. Amanda trenger å få være Amanda, ikke bare jenta med det store hjertet.

Eg har venta på eit nytt hjarte i tolv dagar.

Det er en nydelig, nydelig bok. Anbefales hjerteligst.

Tragikomisk


Jonas Gardell: En komikers oppvekst, 242 sider

Jonas Gardell er for dei fleste kanskje mest kjend som ein svensk artist og komiker, men han har også skrive fleire romanar - og han skriv godt.

Dette er første del av ein trilogi. Denne boka tek for seg barneskuletrinnet, medan dei to andre bøkene set fokus på ungdomsskulen (En ufo gjør entré) og overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande (Jenny). En komikers oppvekst tek for seg barndommen til Juha Lindström, som bur i den lille forstaden Sävbyholm i Sverige. No er Juha ein vaksen mann, ein nokså berømt komikar, som stadig ser seg attende. Han reiser rundt med showet sitt, som vi får små innblikk i. Hovudforteljinga er det sjetteklassingen Juha som har. Juha bur saman med far, mor og lillesøster Marianne. Han er ikkje spesielt populær, og kompenserer med å vere klovnen i klassa.

Juha sine foreldre valde å flytte frå store, travle Stockholm for å gi borna ein trygg og harmonisk oppvekst i lille Sävbyholm. På ein liten stad er det vanskelegare å gøyme seg, og verst får dei det som ikkje følgjer straumen. Nabojenta Jenny har umoderne klede og stygg hårfrisyre, noko som gjer ho til eit ynda offer. Thomas, ein annan gut i klassa, har tysk mor, og blir hardare råka enn Jenny. Thomas og Jenny er dei beste vennene Juha har, likevel sviktar han dei til fordel for dei andre i klassa. Gong på gong. Popularitet er viktigare enn vennskap, og maska sit godt. Den vaksne Juha let derimot maska falle, og skriv fleire brev til Thomas. I breva kjem det fram kor stor plass barndommen framleis har i livet hans, og kor mykje han angrar på at han aldri forsvarte han.

Det er ei sterk bok. Ho spelar på fleire element, men det er det sårbare temaet mobbing som tek hovudfokuset. Barn kan vere grusomme mot kvarandre, og nokon kjem seg dessverre aldri vidare. Både mobbar og offer. Eg visste ikkje at det var ein trilogi før eg gugla boka i dag, og eg skal definitivt lese dei to andre bøkene.

God bok!