Herbjørg Wassmo: Huset med den blinde glassveranda, Det stumme rommet og Hudløs himmel, 747 sider
Eg har, i ein alder av 32 år, aldri lese Tora-trilogien. Før no. Det har liksom aldri blitt. Men det er betre seint enn aldri, og no skjøner eg sjølvsagt kvifor desse bøkene er så populære.
Tora-trilogien tek til på 1950-talet. I første boka er Tora berre ni år. Ho bur saman med mor si, Ingrid og stefaren, Henrik. Faren til Tora var tysk soldat og døydde før Tora blei fødd. Ingrid er eineforsørgjar i familien og tek på seg mykje arbeid for å få endane til å møtast. Dette fører til at Tora er mykje aleine med Henrik. Henrik har vanskeleg for å halde på jobbar, kjem ofte heim full og går inn til Tora på kammerset. Tora kallar det "farligheten" og ser på senga si som eit skitent symbol på det fæle som foregår. Ho er taus om overgrepa og distanserer seg ved å flykte inn i ei draumeverd.
Desse bøkene speler på fleire strenger. Vi har Tora, som veks opp i ein heim der mor ikkje ser kva som foregår. Henrik er stygg med både mor og Tora, og dagane består mykje av redsel og uro. Mor er flink til å jobbe, og makter ikkje å møte Tora med kjærleiken og varmen ho så sårt treng. Ho har eit kaldt ytre og viser ikkje meir kjensler enn nødvendig. Dette får Tora til å arbeide enda hardare for å avlaste mor, hjelpe ho og ikkje vere til bry. Aller helst vil Tora vere hos tante Rakel og onkel Simon. I heimen deira er det trygt og godt, og dei møter Tora med ein varme mor ikkje greier. Vi får også observere eit lite samfunn der dei sterkaste kreftene rådar.
Wassmo fekk Nordisk råds litteraturpris for Hudløs himmel, noko som var vel fortent. Ho har skrive tre sterke bøker om Tora og familien i det vesle øysamfunnet. Ho fortel æleg og uretusjert om overgrep, om ei skam og skuldkjensle som følgjer generasjonane. Standhaftige tante Rakel står som ei sterk kontrast til søstera Ingrid sitt meir lavmælte slit. Dei flotte naturskildringane ligg som ei fin og symbolsk ramme rundt handlinga.
Dette er verkeleg gode bøker. Anbefalast.
Takk til Gyldendal.
5 kommentarer:
Så flott at du tar frem disse.:) Dette var sterke og epokegjørende bøker da de kom ut.:) Veldig bra bøker.
Disse må jeg virkelig få lest igjen jeg og. Jeg leste dem når jeg nok var litt for ung (13-14 tror jeg), så jeg tror de ville gitt meg en langt større leseropplevelse nå:)
Dette er heavy historier - har lenge tenkt jeg ville lese noe av Wassmo, men vet ikke on jeg makter. Historiene er så vonde og såre - det er mye mørke i de.
Enig. Jeg ville ha gitt det et forsøk, dez. Jeg har lest 100 år og Et glass melk, takk - gode de også.
Nydelige, og grusome! E elska wassmo! huska at biblotekaren ikkje ville la m låne huset m den blinde glassveranda da e va 8 år, e hadde kjepelyst fordi den va så spennande frampå! fikk lov til å låne den først da e va 12-13 år, og ha lese den MANGE ganga etterpå!
et glass lek, takk e også fantastisk!
du bør sjekke ut det sjuende møte også! e digga!
Legg inn en kommentar