RSS

Enkät

Då eg var yngre, likte eg svært godt å skrive i venninnebøker og skuledagbøker. Dette har eigentleg ikkje endra seg stort, bortsett frå at skuledagbøkene har blitt bytta ut med quiz og anna spørjeopplegg. Eg er svært svak for sånne "Skriv fem ting om deg sjølv"-opplegg.

I Bokdama sin blogg fann eg ein sokalla "enkät". Ho har funne "enkäten" i nokre svenske bloggar, og bestemte seg for å ta han med seg over grensa. Til glede for svarelystne nordmenn, som eg. Eg tek han no med det same!

Som lesar er eg: Altetande, nysgjerrig, overraskande tålmodig.
Som bloggar er eg: Skrivelysten, men nokså kjedeleg i stilen. Er framleis redd for å skrive alt eg vil. At publikum finst, både hemmar og fremjar skrivinga mi.
Sist leste bok: Siste ferdigleste bok er Kompani Orheim.
Sist kjøpte bok/bøker: Skriv! Håndverk i sakprosa av Anders Johansen. Eg fann boka i billig-kassa hos Bok & Media. Ho kosta 39-, kr! Eg er nøgd.
Favorittkrimforfattar: Eg les sjeldan krim, så det blir vanskeleg å svare på.
Eg les alt av: Jon Fosse, Jane Austen, Erlend Loe (unntatt L), Olaug Nilssen, Selma Lønning Aarø, Roald Dahl, Maria Parr, Agnar Mykle, Inger Hagerup, Emily Dickinson, Engelke Revold, Bronte-søstrene, Ragnar Hovland.
Eg les helst ikkje (genre/forfattar): Sjølvhjelpslitteratur, Paulo Cohelo, Harlequin-romanar, reise-, mat- og vinbøker.
I hylla for faglitteratur leitar eg etter: Biografiar.
I tillegg til norsk les eg gjerne: Kan til nøds lese engelsk, men eg føretrekk norsk. Dansk og svensk kan også gå.
Øverst i min å-lese-stabel ligg akkurat no: Sophia Bennett: Tråder, som eg skal blogge om i bokbloggturneen, Chris Cleave: Little Bee, som eg skal blogge om for Aschehoug, Herbjørg Wassmo: Hundre år,
Peter Høeg: Frøken Smillas fornemmelse for snø, som er månadens lesesirkelbok, Gerd Brantenberg: St. Croix-trilogien, Maria Parr: Vaffelhjarte, og formidabelt mykje meir.
Øverst på mi bok-ønkeliste akkurat no: Karl- Ove Knausgård: Min kamp. Fjerde bok, Olaug Nilssen: Nesten frelst av Sigvart Dagsland, Sylvia Plath: Glassklokken.
På antikvariater leitar eg etter: Klassikarar, barnebøker, biografiar, gamle diktutgivingar.

Er du svak for "enkäter"? Svar under eller på din eigen blogg:-)


Bilete stjelt frå verdsveven

0 kommentarer: