Caroline Kaspara Palonen: Du er meg for søvnig, 206 sider
Eg var innom biblioteket her om dagen, inntok den sedvanlege hylla merka "Nye bøker" og fann denne vesle perla. Ikkje visste eg at frøken Palonen hadde skrive enda ein roman, men eg hugsa godt debutromanen hennar, (som eg har skrive om her) og tok derfor boka med heim. Eg angra ikkje på det.
En dag fikk jeg en bukett valmuer av Yngve. Jeg tror han hadde plukka dem selv. Jeg ble glad. Senere fant jeg ut at valmuer på blomsterspråket betyr: Du er meg for søvnig.
Denne boka handlar om unge Cora, som akkurat har flytta inn i eit nytt, gammalt hus saman med kjærasten Yngve. Dei ventar barn og forlover seg, men så mister Cora barnet og Yngve drar sin veg. Cora blir buande i det gamle huset sjølv om bygda er lita og ho ikkje kjenner nokon andre enn den nye nabodama - som stadig stikk innom. I likskap med første boka, verkar hovudpersonen enkel og ho har ei slags tafatt haldning til alt rundt seg. Eg visste ikkje alltid om eg ville klemme eller filleriste ho, for denne udramatiske måten ho tar på alt er neimen ikkje alltid enkel å svelgje. Du blir glad for at ho slepp å la seg dominere av den diktatoriske Yngve, men samstundes er det irriterande at det ikkje ser ut til å gå vidare inn på ho at han reiser. Derimot fantaserer ho om å setje fyr på alle tinga hans, og det viser at ho har fleire kjensler å spele på enn dei ho viser omverda.
I forteljarstil og språk er boka svært lik den første, og har den karakteristiske naivistiske stilen. Det er ei fin historie om å kome seg på fote etter eit brudd, og det å forsøke å fylle dagane med noko meiningsfullt. Boka er veldig morosam, og det er festleg å sjå korleis Cora tar det meste bokstavleg i sitt skeive blikk på omgjevnadane.
God bok. Anbefalast.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar