RSS

Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Marit Kaldhol: Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lodz, 176 sider

Korleis er det å ikkje vere hovudperson i sitt eige liv? Alltid å vere redd for at telefonen ringer? At når det tikkar inn ei melding eller bankar på døra er det den beskjeden som kjem. Beskjeden du fryktar mest av alt. Ho er død.

Jenny si storesyster er narkoman. Jenny er veslesystera, nærmaste pårørande og har livet på vent fordi storesystera ikkje greier å ta vare på seg sjølv. Jenny er stadig mer heime frå skulen og ventar på at Solrun skal kome heim. Sorun lover å ringe, sende melding, kome heim. Ho kjem ikkje heim.

Boka hoppar fram og tilbake i tid. Dei er fire i barndommen, Jenny, Solrun og mor. Og bestefar Olvar i nabohuset. Kva som får ein person til å byrje med stoffmisbruk, finst det sjeldan eit klart svar på. I denne historia ligg det mykje usagt mellom linjene. Solrun var redd om kvelden og fekk liggje på mora sitt rom. Mora gav henne til slutt ein tablett å sove på. Ein tablett blei kanskje fleire. Saknet etter den fråverande faren er dominerande. I tenåra var Solrun aldri fornøgd med eigne prestasjonar. Ho ville bli betre. Alltid betre.

Eg synest eg høyrer klynkinga frå nettene for, da vi sov på same rom. Då du låg og snudde deg og eg høyrde raslinga i dynetrekket. Stemma di så tynn i mørket, ein sytråd, tynn og stram på same tid. Så begynte du å rope, opna munnen og ropte på mamma. Ropte heilt til ho kom. s 54 

For eit år sidan mista dei mor si i ei tragisk ulukke. Bestefar Olvar har blitt gammal og blind, men bur framleis i nabohuset. Han treng ein del hjelp. Jenny sit att med eit ansvar for stort til å bere. Aleine skal ho forsøke å berge systera. Ho bestiller legetimar som aldri blir nytta, lagar middag som ho må ete aleine og låner vekk pengar som sikkert blir brukt til dop. Klumpen i magen veks seg større og større, ho har ei uro som aldri forsvinn. Jenny greier ikkje å gå til undervisninga, greier ikkje å skrive oppgåve. Tenkjer berre på kor systera er.

Dette er ei veldig fin bok. Trist og sørgjeleg, men det er trass alt Kaldhol vi snakkar om. Vi les ikkje bøkene hennar og forventar noko koseleg. Måten Kaldhol får fram dei såre kjenslene, det konstante saknet etter systera er det som driv heile handlinga framover. Språket er poetisk, scenisk og får fram den underliggjande sorga. Jenny går frå å vere veslesystera som blei passa på, til å vere den ansvarsfulle vaksne. Men kven skal sjå etter at Jenny har det godt?

Jenny får ikkje den frykta telefonen. Boka har ein open slutt, noko eg synest er veldig fint, og avsluttar med desse håpefulle orda:

Ikkje eit år til på denne måte, Solrun. Ikkje eit år til. Eg skal finne deg. s 176

Ei av Kaldhols beste. Anbefalast.

Takk til Samlaget for lesereksemplar.

9 kommentarer:

Anita Ness sa...

Så firn anmeldelse. Denne fikk jeg lyst til å lese…Tror ikke denne var blant dem jeg ønsket meg fra Samlaget i år..dessverre.

annkolaas sa...

Takk! Ja, denne er virkelig fin. Den er heller ikke så symboltung som Kaldhol kan være. Passende både for voksen og ung.

Frøken Vims sa...

Fin omtale, fekk lyst å lese denne!

annkolaas sa...

Takk takk, det burde du absolutt gjøre.

Groskro sa...

Jeg er helt enig med deg, denne boken var utrolig fin :) Likte godt at det var små historier og det nydelige språket.

siljeblomst sa...

Nå har jeg endelig fått lest den også! Den var kjempegod.
Og takk for en god anmeldelse også!

Mari sa...

En veldig fin anmeldelse av boka, Lena. Jeg kjente tårene presset på da jeg leste de siste linjene av romanen igjen her på bloggen din. Det er som om historien nå kan leve sitt eget liv hos meg. Egentlig er jeg ikke så glad i åpne slutter, men her fungerte det godt.

Selv leste jeg romanen i går, og har nå tømt alle ordene og tankene mine i et blogginnlegg. Det er en tekst som oppfordrer til mye tankevirksomhet.

annkolaas sa...

Tusen takk! Nå er det lenge siden boka ble lest og omtalen skrevet, men jeg fikk en liten oppfriskning i forbindelse med Bokbloggerprisen 2014. jeg nominerte selvsagt denne. En verdig kandidat!

Mari sa...

Bare hyggelig :) Jeg har ventet lenge med å lese innlegg om boken, for jeg visste jeg skulle lese den selv en vakker dag. Noen ganger er det fint å vite minst mulig om boken man har foran seg. Jeg lånte den på biblioteket i sommer, men det ble ikke til at jeg fikk lest den da. Langlisten ble det ekstra dyttet jeg trengte for å endelig plukke den opp.