Eg har rett gløymt å fortelje at eg vann bokpremie i Bok og samfunn sin julekalender i fjor. Luke nr. 19, for å vere heilt eksakt. Premien står plassert i bokhylla mi og ventar på tur:
Grunnen til at eg kom på dette no, er at eg laurdag mottok ein gledeleg e-post frå Litteraturklubben Epp. Eg er ein av dei heldige som svarte riktig i konkurransen deira. Bokpremie er avventande, men eg fekk avslørt at det er denne finfine boka her:
Eg plar aldri å vinne noko som helst, og skjønar ikkje heilt kor denne bokflaksen kjem frå. Men kjekt er det lell!
Med andre ord: Om å oversette Marilynne Robinson med 40 års mellomrom
for 12 timer siden
2 kommentarer:
Gratulerer :) Det er alltid kjekt å vinne, spesielt når man vinner spennende bøker.
Tusen takk! Helt klart:)
Legg inn en kommentar