Helga Flatland: Det finnes ingen helhet, 220 sider
Dette er siste boka i Flatland sin trilogi om dei etterlatne av barndomskameratane Tarjej, Kristian og Trygve. Denne har eg gleda meg til heilt sidan eg fekk nyss i at det skulle ei tredjebok. For å forstå fullt ut kva denne serien handlar om og kor gode desse bøkene er, tar eg meg fridomen til å repetere innlegget eg hadde om første boka Bli hvis du kan, reis hvis du må:
Barndomsvenene Tarjej, Kristian og Trygve veks opp i ei trygg lita bygd, der alle veit kven alle er. Etter militæret bestemmer dei seg for å verve seg til dei norske styrkene i Afghanistan. Ingen av dei kjem heim. Attende sit familie og vener med tankane, spørsmåla, sorga. Ei smerte så stor at ho skapar avstandar og bryt band. Kvifor reiste dei? Kva med dei som venta heime?
Boka er delt inn i fire delar, fortald av Tarjej, Jon Olav, Karin og Trygve. To av dei som reiste, to av dei etterlatte. Denne forteljarteknikken fyller ut hola, og gjer historia heilskapleg og sterk. Flatland gir hovudpersonane ei særeige røyst med å la dei fortelje vekselvis på nynorsk og bokmål, noko eg trur eg aldri har vore borti før. Dialekt ja, men ikkje fullstendig skifte av målform. Eg likte dei nynorske delane best. Det er som om orda inneheld meir styrke. Opplevinga blir forsterka; sorga blir tyngre og gleda meir lykkeleg.
Dette er truleg den nye yndlingsboka mi. Ei bok som kan få meg til å kjenne så mykje. Sakn, lengt, sorg. Eg har lest om menneske busatt i den same bygda. Ein trygg barndom som likevel lagar djupe sår. Det gir meg ei taus sorg eg ikkje veit korleis eg skal takle. Flatland lar meg komme så intens nært at eg veit med heile kroppen at dette er ei historie eg seint vil gløyme.
Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei nydeleg, sterk bok om å bryte ut av ein tryggleik som ikkje lenger kjennes trygg. Takk til du anonyme som tipsa meg om denne boka for nokre månader sidan.
I oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake har eg skrive at ord ikkje kan beskrive kor bra ho er, kor godt eg likar ho.
I Det finnes ingen helhet får vi innsyn i korleis dei etterlatne har det, fem år etter hendinga. Kva som har skjedd sidan sist, korleis dei har greidd å kjempe seg attende til kvardagen. Dei to første bøkene har vist oss moglege årsaker som førte til avgjerda om å reise, i denne får vi sjå korleis ei bygd lamma av sorg sakte kjem ut av dvalen. Det er ei nydeleg, sårbar og tankevekkjande forteljing. Samstundes kjennest det litt feil å kalle det ei forteljing. Forteljinga er på ein måte ferdig. Det er det som skjer etterpå det handlar om. I denne boka er det Karin, Hallvard, Bjørn og Ragnhild som fører ordet. Sistnemnde er kommunelege i bygda og kjende godt dei tre gutane. Ho veit også kva sorga gjer med dei som er att. Bjørn reiste til Afghanistan saman med dei tre andre, men kom heim aleine - utan heltestatus.
Helga Flatland blir sagt å vere ein av dei viktigaste samtidsforfattarane, og det er ikkje utan grunn. Ho skriv svært godt, skildrar mellommenneskelege forhold på ein trygg og sterk måte. Språket er særs godt, og ho er like god på begge målføre. Da eg tidlegare i år var med som litterær konsulent i arbeidet med å lage ei ny norskbok for yrkesfaga, var det ein ting forfattarane var samde om allereie under jobbintervjuet: Dei skulle ha med eit utdrag av Helga Flatland sin roman. Og slik blei det.
Eg avsluttar med å repetere meg sjølv nok ein gong: Ord kan ikkje beskrive kor bra desse bøkene er, kor godt eg likar dei. Eg er stum. Treng eg seie meir?
Anbefalast på det sterkaste.
Takk til Aschehoug for lesareksemplar.
Ole-Petter Vaaten: «det er mat!»
for én dag siden
7 kommentarer:
Å, jeg gleder meg så til denne boka! De to andre er noe av det beste jeg har lest. En flott forfatter.
Då veit e ka e skal prøve m på neste gang e e på biblisen :)
Ja, dette er virkelig en fantastisk serie. Gled dere!
Har denne i hylla nå jeg også, og gleder meg VELDIG til å endelig få lest den:)
Jeg kan ikke fatte og begripe at jeg enda ikke har fått somlet meg til å lese bøkene hennes. Punktum.
What?!! Åh, men da har du å glede deg til altså.
har akkurat hørt ferdig boka som lydbok og gooogla tittelen. Kom deg dette så spennende ut. La meg til som følger hos deg.
Bøker skriver jeg om på min blogg:
http://kleppanrova.blogspot.no/
Hilsen Ingun Kleppan
Legg inn en kommentar