Det er ikkje før på førtiårsdagen til mannen hennar, Tom Ove, at
Cathrine oppdagar ei enorm skeivfordeling i ekteskapet deira. Ho har laga til
eit storslått selskap, laga mat, invitert alle gjestane og til og med opptredd
som sjølvaste Dolly Parton utan å få så mykje som eit takk tilbake. Når
barndomskjærasten hans, Johanna Charlotte, får ein dans og ikkje ho, blir ho så
skuffa at ho drikk seg full og må fraktast heim. Ho kranglar stadig med
tenåringsdottera Jenny, og ligg i konflikt med resten av familien etter at
bestemora skjøtte huset sitt over på ho. Cathrine kjenner seg utanfor og
aleine. Når den svenske dyrlegen viser interesse for ho og ser ho slik ho har
ønska seg sett i lengre tid, vil ho greie å stå imot?
Det er ikkje snakk om månader, men år sidan sist ho kom med Tom Ove.
Iblant har ho late som, og han blir så glad når han trur at han har fått det
til. Så stolt, og ho kjenner noko ømt i brystet når ho ser på det litt forkava,
men smilande ansiktet hans. Det er ei slags tilfredstilling i det også. Vi har
det godt vi, Cathrine, kan han finna på å seia etterpå, og ho har alltid svara
ja, kyst han og klemt han og gjort alt for å ikkje røpa at han ikkje har fått
det til.
Handlinga er ganske typisk; Cathrine og Tom Ove har vore saman sidan
tenåra, og han er også den einaste mannen ho har vore med. Han er ein
snill mann som gjer sitt beste, men han tek nok Cathrine litt for gitt. Når han
ikkje vil blande seg i familiekonflikten, tolkar ho det som nok ei manglande
interesse for ho. Rutiner er ikkje lenger nok for Cathrine, som mjuknar under
den spennande, svenske innflyttaren sine forførande ord. Om Tom Ove er ein
dårleg ektemann, eller om det er enklare for Cathrine å rettferdiggjere eit
eventuelt val om å vere utru med å setje han i den båsen, får vere opp til
lesaren å bestemme. Eg veit ikkje om det er Fifty Shades som
har rota til fantasien min, men eg merka at eg for ein gongs skyld heia på den
lokkande freistaren.
Tittelen og omslaget på boka hintar til romanen sine undertonar av
buddhistisk tankegang, vanskelege val og reiser til Austen. Det fall likevel
ikkje heilt i smak hos meg. Eg synest det blir for sukkersøtt og tilbaketrekt,
noko som kanskje gjer at ein potensiell lesar ikkje vil feste seg ved boka.
Sjølv hadde eg ikkje sett to gongar på boka hadde det ikkje vore for at eg
visste at Røssland har skrive si første vaksenbok, som eg har gledd meg til å
lese. La oss håpe eg tek feil med omsyn til boka sin utsjånad, for det er ei
fin historie som fortener å bli lest av fleire. Eg likte Kirsebærsnø,
og om eg skal komme med noko negativt, er det at boka godt kunne ha vore 100
sider til.
God bok. Anbefalast.
Takk til Samlaget.
7 kommentarer:
Jeg fikk umiddelbart assosiasjoner til Ebba Haslunds "Bare et lite sammenbrudd", som inneholder nesten nøyaktig de samme ingrediensene - men der er det 50-årsdager som feires.
Veldig spennende omtale du har laget!
Takk! Den har jeg ikke lest, der den bra?
Fin omtale, jeg er glad jeg har denne stående klar og jeg må innrømme at jeg blir mer og mer nysgjerrig på disse fifty shades bøkene..men først skal jeg lese "Bare for deg" som er i samme gate som fifty... Kommer ikke unna dette temaet i høst ser det ut for;-)
Hihi.. Takk.
Jeg skal også lese denne snart. Den virker veldig fin og jeg liker godt ungdomsbøkene til Røssland, spesielt Handgranateple som har en enda finere tittel enn denne.
Jeg har i utgangspunktet bestemt meg for å ikke lese Fifty shades, men heller lese annen erotisk litteratur som nevnte Bare for deg. Jeg må innrømme at det begynner å friste litt likevel ettersom det har kommet noen mer begeistrede omtaler i det siste.
Jeg har forresten forsøkt å kommentere hos deg før, men gitt opp etter mange forsøk på ordbesyttelsen.
Du kan jo vurdere selv - etter å ha lest mine omtaler av henholdsvis "Bare et lite sammenbrudd" og oppfølgeren "Sekskanten" - http://rosemariechr.blogspot.no/search/label/Haslund%20Ebba
;-) Rose-Marie
Takk for lesetips, jeg har hørt om denne boken uten at det har fristet å lese den. Det gjorde det derimot nå :)
Legg inn en kommentar