Jon Fosse: Olavs draumar, 80 sider
Olavs draumar held fram der Andvake slutta. Asle og Alida er framleis på flukt, og har forlatt Bjørgvin. For å kunne leve i fred vel dei no å kalle seg Olav og Åsta. Olav vil kjøpe ei gåve til Åsta og vågar seg inn til Bjørgvin, men det går ikkje heilt som Olav drøymer om. Han blir kjend att og kjem i det verst tenkjelege. Heime sit Åsta og ventar.
Det går ikkje an å skildre Fosse sine tekster utan å bruke store ord. Dei same orda går att hos meg når eg skal forsøke å skrive. Fosse er seg sjølv lik. Det er setningsfragment, manglande punktum og ord som glir over i kvarandre. Det skaper den suggererande, obligatoriske tankestrøyminga. Det er vakkert og kraftfullt. Han greier å skilje liv og død, men bind dei samstundes saman på ein drøymande og svevande måte. Det gjer at vi leser, vi er utanfor, men i historia. Den mørkkledde gamlingen gir ei ekstra uro til handlinga, og vi veit at det som ikkje skal skje, skjer.
Jon Fosse er ein av Noregs største, men det er ikkje noko ein anbefaler kven som helst. Det er sært, og det tek tid å venje seg til den flytande stilen. Eg hugsar mitt første møte med forfattarskapen hans, vi skulle lese Melancholia ved Nordisk, og eg tenkte dette måtte vere det raraste eg hadde lest. Eg trur ikkje Hertervig hadde komt seg ut av senga før på side 100. Sidan da har eg lese meir, lært mykje, forstått djupna og det fleirstemde i tekstane hans. Det er like mykje kunst som historie, og ein må kanskje trenast opp til å like Fosse? Han har heilt klart blitt ein av mine favorittar. Det er Ales var ei av dei første bøkene eg skreiv om i bloggen. Olavs draumar skuffar ikkje, og eg veit at mange synest Andvake er ei av dei beste, men Melancholia 2 og Morgon og kveld er framleis dei største favorittane mine. Sistnemnde er ei av dei vakraste og sterkaste forteljingane eg nokon gong har lest. Prøv deg fram.
Anbefalast.
Takk til Samlaget.
2 kommentarer:
Denne og Andvake har jeg blitt sterkt anbefalt av en kollega. Jeg vet ikke helt om vi liker det samme men jeg ble nysgjerrig på Fosse.
Fosse er heilt fantastisk, men det er som sagt kanskje ikkje for alle. Eg ville ha gitt det eit forsøk. Kanskje det er for deg?
Legg inn en kommentar