RSS

2/52 - Ingenting hendt



Eg har tydd til norskboka denne veka også, mykje på grunn av Bokdama si lovprising av denne novellisten. Vi snakkar om Bjarte Breiteig, som debuterte med novellesamlinga Fantomsmerter i 1998. Dagens novelle er derimot teken frå Surrogater, som kom i 2000. Bjarte Breiteig er fødd i Kristiansand i 1974, og er truleg ein favoritt blant forfattarane av læreboka vi brukar i norsk(Signatur-bøkene), for han er ein klar gjengangar i desse bøkene. Sjølv har eg brukt mykje tid på ei anna novelle av han, "Ung gutt i snø", i undervisinga. No er det på tide å utvide Breiteig-repertoaret mitt.

"Ingenting hendt"

Leif har sin siste arbeidsdag ved fabrikken (eg er usikker på kva han eigentleg arbeider med, men det er fysisk arbeid som krev verneutstyr og skikkeleg kroppsvask etterpå - og no høyrest det med eitt ut som eit elevarbeid), og går gjennom rutinene for aller siste gong. Han har fått kake og avskjedgåve av kollegane og skal berre ta den siste dusjen før han går heim. Han har arbeidd der i årevis. Men han har trivst. Medan han kler av seg og gjer klar for dusjing, trakkar ein ung reinhaldsarbeidar omkring og moppar golvet. Han vil gjerne at Leif skal bli ferdig, så han kan vaske frå seg.

Eg merkar at eg får store problem når eg skal skrive om ei novelle, som i utgangspunktet er så kort, utan å røpe kva som skjer. Eg vil gjerne at lesaren skal få lesaropplevinga i fred, og vil ikkje seie for mykje. Samtidig blir det vanskelig å fortelje kva eg tenker når eg må halde så mykje tilbake. Det er enklare med ein roman - for der skjer det så mykje anna ein kan ta med.

Eg ser at Breiteig er flink til å skrive om tilsynelatande ingenting, for i likskap med "Ung gutt i snø", er det lite ytre handling. Men det tek han igjen på det indre planet. Leif, ein aldrande mann med ryggsmerter, har motstridande kjensler overfor å slutte i jobben sin. Han tenkjer mykje på arbeidskollegane og åra som har gått. Korleis dei har halde ut med det fleire andre omtalar som ein "drittjobb". Det har vore hans, kolleganes, territorium. I over tretti år har Leif gått dit dagleg, arbeidd hardt, fysisk, opparbeida seg sosiale kodar og vore ein av gjengen. Leif kjenner seg provosert av den unge reinhaldsarbeidaren. Kva veit vel han om fysisk arbeid? Den unge guten får sjå Leif på sitt mest sårbare. Avkledd, naken, arbeidslaus.

Etter litt gugling, ser eg at folk strør om seg med superlativer om Breiteig, og det skjønar eg godt. Etter å ha lese berre to noveller av han, er eg særs begeistra. Han skriv så fint, så alvorleg og kjenslemessig, men utan store ord. Kva som driv oss innvendig. Innhaldet kan verke enkelt, men desto greiare er det å vise døme på korleis den indre handlinga kjem fram (no er eg lærar igjen). Han beherskar novellekunsten, heilt klart.

Bli kjend med Bjarte Breiteig, du også!

Dette er novelle nummer to i Bai si utfordring Les 52 noveller på 52 veker. Blir du med?

4 kommentarer:

labben sa...

Jeg må innrømme at når jeg skriver noveller tror jeg det blir en blanding av (amatør)analyse og anmeldelse. Jeg avslører mer enn jeg gjør når jeg skriver om romaner, fordi jeg føler det er viktig å legge vekt på alt som var bra, inkludert slutten.

Jeg skal prøve å være mer bevisst på å avsløre mindre.

Det ser forresten ut til at de fleste av oss har funnet noveller vi har likt nå i starten av utfordringen =)

annkolaas sa...

Det er vanskelig når det ikke alltid skjer noe, bortsett fra kanskje den ene tingen som vi ikke skal røpe.

Jeg har vært litt taktisk og valgt noveller jeg vet er bra nå i starten. Nå skal jeg begynne blankt, så nå kan det hende det blir mye dårlig;)

Mammadamen sa...

Jeg husker denne novellen fra lenge siden. Kanskje leste jeg Breiteig på gymnaset eller da jeg studerte nordisk. Jeg tror jeg må ta frem norskboka igjen selv:-)

Anonym sa...

Jeg tror ikke det nødvendigvis er så farlig å røpe slutten på en novelle, for analysen er egentlig det morsomste både å lese og skrive om. Det er jo det som er hele poenget!