RSS

Den glemte hagen


Det var torsdag førre veke. Eg satte meg ned med Gerd Brantenberg sin trilogi Sangen om St Croix.. Kvinner og oppseding. Det var noko som ikkje kjendes heilt rett. Eg var ikkje klar for dette. Eg tvinga kjensla vekk. Hadde bestemt meg for Brantenberg no. Dette kunne eg greie. Eg er ikkje den som sluttar midt i boka, eller i byrjinga. Eg kom til side 35. Greidde ikkje å engasjere meg. Drøymde om eventyr og romantikk. Eg skotta bort på bokhylla. Der sto ho og lyste mot meg. Boka eg fekk av mannen min i jebursdagsgåve i oktober: Den glemte hagen. 600 sider med løyndomsfull mystikk. Skulle eg våge? Eg våga! Brantenberg får vente. Eg gjekk inn i boka, og kom ikkje ut att før søndag.

Eg las Tilbake til Riverton av same forfattaren i fjor sommar. Ei bok eg likte svært godt, og som gav meg høge forventningar til denne. Eg blei ikkje skuffa. Den glemte hagen er, om mogleg, enda betre. Eg hadde behov for eventyr, og det var akkurat det eg fekk. Kate Morton er heilt fabelaktig til å halde på spenninga, og slepp stadig frå seg små ledetrådar. Ho skildrar så levande at eg kjende meg som ein del av historia.

Den Norske Bokdatabasens omtale:
Australia 1913: En liten pike blir funnet forlatt på et skip på vei fra England til Australia. Alt hun kan huske er en mystisk kvinne som hadde lovet å passe på henne, men kvinnen er sporløst forsvunnet. I 1975 er Nell Andrews en gammel dame og reiser til England for å finne sannheten om sitt opphav. Hennes søken fører henne til Cornwall, og eiendommen Blackhurst Manor, som har vært i Mountrachet-familiens eie. Når Nell dør i 2005, arver barnbarnet Cassandra et hus på eiendommen, og "den glemte hagen". Området er beryktet blant lokalbefolkningen for hemmelighetene det skjuler. Det er her det hundre år gamle mysteriet om den forlatte jenta avsløres.

Dette i seg sjølv gir deg vel lyst til å lese??

Historia hoppar fram og tilbake i tid og gir oss innblikk i kva som skjedde i 1913, 1975 og 2005. Det er fleire karakterar i historia, men Morton skildrar dei så godt at eg hadde ingen problem med å hugse kven som var kven. Eg opplevde heller ikkje å tenkje "Å nei, eg vil lese meir om ho" ved kapittelslutt, fordi alle kapitla/ årstala var så innhaldsrike og fulle av spenning at eg ville lese dei. Eg ville høyre om alt og alle!

Eg synest språket var godt, verken for pompøst eller dårleg. Nokre klisjar enkelte stader, men det må nesten vere sopass i ein så eventyrleg roman. Du tenkjer kanskje at denne boka har eg lese før, for ho har alle dei rette ingrediensa: Hemmelege slektsforhold, herskaplege gods, kjærleik, løyndommar osv osv. Er du ute etter nyskapande og original lektyre, så er ikkje dette boka for deg. Har du derimot sansen for skreddersydd litteratur med hint av gotikk , vil eg anbefale Den glemte hagen. Det er ikkje vanskeleg å skjøne at forfattaren sjølv er inspirert av storslagne forfattarar som Brontë-søstrene og Hodgson Burnett, for ikkje å snakke om eventyrsjangeren. Sjå på boka som ein hyllest!

Eg greidde knapt nok å leggje frå meg boka, og sat og gjetta meg til kven som var mora til Nell gjennom heile boka. Noko er sjølvsagt forutsigbart, medan resten er overraskande. Og lesargleda er intakt heile boka gjennom. Dette er den mest underhaldande og spanande boka eg har lese sidan Den trettende fortellingen (som eg sjølvsagt også anbefalar på det glovarmaste). Finn fram yndlingsplassen din, gøym deg gjerne på ein hemmeleg stad, (helst i ein overgrodd hage, men det blir nok i kaldaste laget på denne årstida), med ein kopp te og god tid, og les!

0 kommentarer: