RSS

Velsmakande Vaffelhjarte


Eg heiv meg over debutboka til Maria Parr, Vaffelhjarte, i går kveld og må innrømme at det smakte fortreffeleg godt. Så god at eg framleis ikkje er ferdig med fordøyinga. At det går an å skrive noko så morosamt! Ein herleg miks av liv og røre, med ein dæsj alvor!

Boka handlar om to bestisar, Lena og Trille, som bur på ein liten stad kalt Knert-Mathilde. Lena er einaste jenta i klassa, men det tek ho igjen for til dei gradar. Ho er ein skikkeleg tøffing, og finn på utruleg mykje rart saman med Trille. Eg lo så tårene trilla fleire gongar, til dømes då dei bestem seg for å lage Noas sjark og fyller båten til onkel Tor med ei hoe og ein hanne av alle dyra og insekta dei finn. Geita drit på dekk og kua hoppar over bord. Eller då dei opptrer som gatemusikantar for å tene pengar til ein fotball, og einaste songen dei kan er "Glade jul". På blokkfløyte. Når dei startar aldersheim for hestar. Eg kunne ha nemnt historier i fleng, men kan ikkje ta frå dykk all spenninga, heller.

Kva var det du heitte no igjen, Trille? Då svarar eg: Theobald Rodrik. Og så ler Lena lenge og høgt. Av og til slår ho seg på låra også.

I kjent Maria Parr-stil (ho har allereie opparbeida seg det, nemleg) er miljøet lagt til ei lita bygd med ferje, det er jentene som er tøffast og borna finn gode venskap i eldre folk, i dette tilfellet farfar og tante-farmor. Tante-farmor lagar verdas beste vaflar, og vaffelhjartene serverast titt og ofte. Lena og Trille finn på mykje sprell, og eg kan ikkje vente til borna mine blir gamle nok til å kunne le seg skakke saman med meg.

Vaffelhjarte har eit nydeleg og humoristisk språk; Parr legg ofte dei vaksne sine ord i munnen på borna, noko som gir eit herleg resultat. Ho ser verda slik ein åtteåring ser ho, og det er ubetaleleg morosamt. Karakterane er noko heilt for seg sjølv, og boka er tvers gjennom underhaldande for både liten og stor.

Tante farmor: - Eg var ikkje så tjukk før i tida, vesle Lena. - Omtrent kor tjukk var du, då? ville Lena vite.

Eg er svært begeistra. Overbegeistra. Tenk at ei vaksen jente kan skrive noko så fantastisk for born. Og det to gongar! Med Tonje Glimmerdal (det blir litt bakvendt for meg, sidan eg las siste boka først) har ho også vist at ho ikkje er ein "one hit-wonder". Ikkje rart at prisane blir kasta etter ho. Vi held på å diskutere om vi skal freiste å få til eit forfattarbesøk på skulen vår, og Maria Parr står høgt på ønskelista. Det er ikkje meg imot.

Sjå. Her er ho. Den nye Astrid Lindgren.


No trur eg at eg må gi meg før eg tek heilt av..

5 kommentarer:

Anonym sa...

Siden du er språkforvirra og alt ;) så lurte jeg på om du hadde noen gode nynorske råd til meg:) leter etter ungdomsbøker på nynorsk, helst spenning/krim. Vet du om noen? Ser ut som om jeg må lese "Vaffelhjertet", hvilken alder passer det for? 6-10 sånn ca-? Kanskje mine barn er store nok..

annkolaas sa...

Vaffelhjarte passer nok best for 7-8 år, men jeg har tenkt å prøve når dattera mi blir seks;) Tonje Glimmerdal er også helt fantastisk!!

Hmm. Jeg leser ikke så mye krim/ spenning, men kan anbefale nynorskbøkene jeg liker veldig godt:

Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke (kjærlighet, film og slikt. Denne boka er veldig sånn "enten hater du den, eller så elsker du den". Jeg hører til sistnevnte).

Olaug Nilssen: Få meg på, for faen! (bisarr og morsom)

Anna Gavalda: Eg elska ho, og Saman er ein mindre aleine (ikkje Lykka er ein sjeldan fugl. Kjedelig!)

Aina Basso: Ingen må vite (blodskam på 1700-tallet. Denne leste en av elevene mine, 17 år, og likte boka kjempegodt)

Marit Kaldhol: Har du peiling på fisk? (Litt om døden, Ivar Aasen og John Lennon)

Tarjej Vesaas: Is-slottet (men kan kanskje bli litt tung for ungdommen)

Ellers har Ragnar Hovland mye bra, og Are Kalvø skriver mye gøy:)

Tja, det er alle nynorskbøkene jeg kommer på, som kan tenkes å passe for ungdom.

Anonym sa...

Takk for tips, du er en knupp:)

Synline sa...

Jeg likte Vaffelhjarte bedre enn Tonje Glimmerdal, faktisk. Men begge bøkene har vært veldig populære hos mine to største; snart 10 år og snart 6 år.

Ellers syns jeg Kristine Toftes "Song for Eirabu" bør nevnes hvis man er på jakt etter nynorskbøker som kan fenge ungdom. Dette er fantasy, og forfatteren er bloggeren Avil http://haustljos.wordpress.com/

annkolaas sa...

Jeg må innrømme at jeg var inne på tanken selv (at Vaffelhjarte var best), men trodde jeg bare lurte meg selv fordi Vaffelhjarte ble lest sist. Jeg har en tendens til å like det siste best, nemlig. Jeg er fortsatt usikker, de er ulike bøker (men likevel ganske like). Tror jeg likestiller;)

Tusen takk for tipset:) Den må sjekkes ut!