RSS

Kven er snillast av far og mor?

Inger Bråtveit: Kven er snillast av far og mor?, utan sidetal, men boka har omlag 44 sider.

Knut er på sjukehuset, men er ikkje redd for å ta blodprøver. Han har fått einerom og har det han treng av underhaldning: TV, lego, Pokemom og DS. Far er jamnt innom, men mor er fråverande.

Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod. 
Knut tenkjer berre: Kvar er mor?

Med denne boka vil nok Bråtveit setje søkelyset på noko som stadig blir meir vanleg: At far er mer til stades enn mor.

Mor jobbar med bank og finans, 
det vert lange dagar 
med mykje reising utanlands.
No er mor på Nokia-konferanse. Ho sit i styret i eit multikonsern.

Knut har mareritt om natta, sveittar og snur seg. Når han vaknar, er det far som sit hos han. Mor er på telefonen frå Finland. Knut får også snakke, og mor fortel om alt det kjekke dei skal gjere saman når Knut blir åtte år. Når mor kjem heim, får Knut ein hund av ho.

Eg får veldig vondt av denne boka, og er livredd for ikkje å kunne vere der nok for mine born. Samstundes er det feil å skulle insinuere at mor er ei dårleg mor fordi ho har ein karriere. Hadde det vore far som var på arbeid, hadde få reagert. Ein kan sjå teikn på at Knut er uroleg og einsam. Han blir til dømes plassert framfor TV-en når far er i butikken - for å kjøpe øl, blant anna. Mor verkar lykkeleg og harmonisk når ho arbeider, men ser stressa ut saman med familien. Dette er noko ein kunne ha gripe tak i, men no skal eg ikkje tolke boka utover det mest openberre. Det er nok tidsklemma som er det største problemet, og det er noko dei fleste familiar forsøker å kome ut av på best mogleg måte.

Slutten er open, og vi får ikkje vite kven som er snillast, noko som heller ikkje er poenget. Når eg las boka for mine born, som ikkje forstår retoriske spørsmål, var dei einige om at "far var snillast, eller vent, det måtte vere mor sidan ho kjøpte han ei gåve". Å kjøpe seg fri frå dårleg samvit er eit velkjend knep, også det å bruke tv og dataspel som barnevakt. Som vaksen lesar likte eg boka veldig godt. Temaet opnar for debatt og ettertanke, språket er lyrisk og har ei fint uttrykk saman med bileta.

Som barnebok er eg usikker på om det er så vellykka. Av erfaring veit eg at born ikkje har så stor sans for rim og vers, så lenge det ikkje er tøys og tull med i biletet. Kor mykje dei vil skjøne av innhaldet, og om dei vil tolke det som om svaret einsidig skal vere mor. Det kjem nok an på vaksenpersonen som les boka saman med bornet. Men: Born skjønar meir enn vi trur, og det er viktig å la dei få kome til orde. Også i vaksendebattar.

Her kan du lese kva Stine meiner om boka. Eg og ho er nokså einige, noko ho hadde visst dersom eg hadde greidd å bevise at eg ikkje er ein robot. Men den gong ei.

Takk til Flamme Forlag.

3 kommentarer:

Anja sa...

Åtteåringen her forstod ikke boken, det var ingen tvil om at mor var snillest som kjøpte en hund!

annkolaas sa...

På en måte er det jo flott at vi kan redde oss ut av en sånn situasjon så enkelt, men samtidig er det trist. Jeg tenker også på skilsmissebarn, hvor den fraværende ofte får status som den snilleste - fordi de ikke ses ofte, og når de først treffes, vanker det gaver osv. Forelderen som har hovedansvaret, er den som tar seg av barnet, oppdrar og er til stede, blir sliten og lar barnet få oppleve både den snille og strenge versjonen.

Stine Marie sa...

God anmeldelse, som jeg naturligvis er enig i ;) (Trodde den robot-greia var fjernet fra bloggen min, men håper jeg har fått det til nå ihvertfall)

Vet egentlig ikke om jeg vil katgorisere boka som barnebok for som du sier så skjønner nok ikke (de minste) barna innholdet i den grad vi skjønner det. De skjønner det som står svart på hvitt og ikke det som ligger mellom linjene. Men ja, de må helt klart få komme til orde i slike voksendebatter som tross alt dreier seg om dem.