RSS

Køyre frå Fræna

Lars Petter Sveen: Køyre frå Fræna, 94 sider

Etter klar melding frå fleire hald, blant anna ein kollega frå Fræna - som forresten sjølv ikkje har lese boka enda - har eg endeleg lese denne boka. Eg angrar ikkje.

Køyre frå Fræna er ei samling av tolv gode noveller, som alle tek  utgangspunkt i forfattarens eigen heimstad, Fræna. Vi får blant anna møte ein far som har mista sonen sin, ein gut som mistenker at foreldra puttar sovemedisin i maten hans og ein unggut som har køyrt i hel bestekameraten. Alle forteljingane er røyndomsnære, men har likevel noko mystisk og uforklarleg i seg. Nokre meir enn andre. Det er rom for tolking, noko som gjer at handlinga får eit heilt spesielt driv. Novellene held attende og bruker enkle språklege verkemiddel for å få fram ei nærmast uuthaldeleg spenning.

Språket er fint, ordknapt og stilistisk. Sveen meistrar å blande magiskrealisme inn i ei realistisk setting, utan at det senkar kvaliteten. Tvert imot tilfører det historiene ei dunkel og gåtefull stemning.

Eg er overtydd.

Anbefalast.


1 kommentarer:

Ingaplinga sa...

Har en del å ta igjen fra bloggen din no ja, du les nok en del meir enn m for tida!

Har en award til de inne hos me, sjekk ut ;)